Vi i OVK har ofte turneringa som alle kan delta i.

Med premiepott på opp til 10000 kr og livestream og casting har vi hatt opp til 18 samtidige viewers.

Liste over turneringa av OVK

  • Juleturnering 2015
  • Påsketurnering 2016
  • Sommerturnering 2016
  • Juleturnering 2016
  • Påsketurnering 2017
  • Haustturnering 2017
  • Påsketurnering 2018
  • Haustturnering 2018
  • Vårturnering 2019
  • Haustturnering 2019





  • Om dåke ynskjar kontakt send ein epost til undino@osversteklan.no , der sit ein ivrig epostlesar klar for å ta ein dypdykk i nettopp din epost.






    Haustturnering 2019

    Det var ein mørk og stormfull haustdag dagen kor OVK Haust 2019 gjekk av stabelen. Ingen av deltakarane kunne huske kva dei hadde gjort når dei plutseleg vakna opp i stuggu til Sjanvei sundags morgon. "Kva har du gjort sjanvei?" "kvifor er det kun du som er vaken?" spurte dei korpå sjanvei svarte med tordenrøst fra tronerommet sitt fyllt med avokadoplanter og ein sterk eim av vårrullar svarte "eg har gitt dykk det dokke ville ha: næmleg Starcraft 2 games med casting av høg kvalitet" Alle slo seg til ro når dei hørte dette.



    Som vanleg varte OVK heile laurdagen og for første gong blei det spelt ein Bo7 i finalen kor dei aller fleste er megatrøtt mellom Scythe(T og tidligere OVK champion) og Stekepanne(Z). I denne kampen gjekk til slutt Stekepanne ut med sigaren og er dermed blitt den beste Starcraft 2 spelaren i verden. I tillegg blei alt casta på twitch og takk til alle som bidro med å caste med sin kunnskap og intellekt og dei som laga episke vårrullar.

  • Plassering

  • 1. plass StekepaNNe

  • 2. plass Scythe

  • 3. plass Skruffy

  • 4. plass Darroweve




  • Luigipedia side


    Til toppen

    Vårturnering 2019

    Stuen til sjanvei var infisert! Alle avokadoplantane han hadde planta i stuo si hadde no blitt så stor og dominerande at han ikkje lenge kunne bruke stuo si til anna enn å vase rundt der og lata som han var ein ekte apekatt!
    Det var i eit slikt augneblink at MegaConn tok turen innom og spurte: "Kva gjer du på?" kor sjanvei svarte: "Eg latar som eg er ein apekatt!". Det var då det blei klart et neste OVK Vårturnering måtte holdes og den måtte holdes akkurat der dei stod.

  • Plassering

  • 1. plass HelTen

  • 2. plass Skruffy

  • 3. plass Emperor

  • 4. plass Darroweve



  • Vår 19 infosie
    Luigipedia side


    Til toppen

    Haustturnering 2018

    Det var ein tung tid. Monge trodde OVK var over. Monge trodde OVK var finito. Punktum finale vi måtte smøre brødskivo vår sjøl. Men det var når alle i OVK satt rundt peisen og såg ut som triste pusekattar at Brinchmann og Cyrex kom gåande inn døren på vannski og kunne meddela at OVK Haustturnering skulle arrangerast! Tilstandar oppstod.
    I stuggu til sjanvei blant avokadoplantar og bordtennisbord blei OVK haust arrangert. Man kunne høre museklikk og tastaturklapp heile vegen til Månen når KinG gjorde reint bord og tok med seg heim første premien på 3750 NOK'ar. Endeleg ein zerg tilbake på tronen vil nok monge sei.

  • Plassering

  • 1. plass KinG

  • 2. plass Emperor

  • 3. plass Darroweve

  • 4. plass LegendKiller



  • Haustturnering infosie
    Liquipedia sie


    Til toppen

    Påskesturnering 2018

    Det var påske, ein tid som alle osingar og SC2 spelare elskar meir enn noko anna. Megatron og lolTRICKEDu gjekk rundt i gule gåsedraktar og delte ut påskestemning i form av salmesong og mimespel kor dei lata som dei var mutalisker. Monge som var ute og vandra sprong heim i frykt og redsel. Det samme skjedde med sjanvei og dei som sprang i frykt med han endte til slutt opp heime i stovo til sjanvei kor OVK si påsketurnering var godt igang.
    Med spelare som Helten, Skruffy, Emperor, erL, Marre og sjølvaste Darroweve blei det i år også games frå ei anna verd. Til slutt blei terranspelaren Helten den som gjekk av med sigeren mot zergen Skruffy og han ser ut til å være den absolutt beste terran spelaren i Noreg i augneblinken.

  • Plassering

  • 1. plass Helten

  • 2. plass Skruffy

  • 3. plass Emperor

  • 4. plass erL




  • Helten tok med seg heim 5000 kr og ein hekla baneling som man kan sjå på trofesio, mens Skruffy tok med seg heim 2500 kr og 6 posar med filterkaffe. Med så mykje filterkaffe kan man holde ein god del kakebesøk iallefall. Knallpremie der altså.
    Påskturn infosie
    Likkvi Pedia side


    Til toppen



    Haustturnering 2017

    Det var i ein tid når Jordo gjekk i bane rundt solo samtidig som at Måno gjekk i bane rundt Jordo at OVK si store Haustturnering 2017 blei holdt. Store delar av norgeseliten innan SC2 hadde reist land og strand langt for å kjempa om den nette sum av 10000 kronar og ein utruleg kjekk og gøy singlet.
    Datoen var 16. og 17 september og OVK si mediemogul sjanvei hadde jakta kommunen rundt etter stolar og bord slik at alle fekk ein plass å sitta.

  • Plassering

  • 1. plass Scythe

  • 2. plass Helten

  • 3. plass Civi

  • 4. plass Emperor




  • Det blir ofte nemnd at nivået på turneringane var skyhøgt og denne gong var ingen unntak. Legendariske games blei spelt og favorittar rauk til i hytt og pine. Etter ein heil dag med SC2 games castet og streama stod det igjen 2 spelara, nemleg Helten og Scythe. Mange sa at Helten var favoritt men det var ikkje alle som visste dette. Den som vant var uansett Scythe i ein bibelsk TvT 3-2. Då det var delay på streamen kom spelarane ned i TV rommet før kampen var omme og mange fekk ein såkalt Inception kjensle av det.
    Haustturnering infosie
    Final i turneringo. NB DENNE ER 6 GB STOR!!


    Til toppen



    Påsketurneing 2017

    Alle av OVK's medlemmar hadde brukt tido sidan juleturneringo til å være gode kristelige borgare som alle var gode samaritanar som hjolp alle og einkvar dei møtte på gato. Eller... det var iallefall planen til Jesus, men det viste seg at samtlige OVK medlemmar hadde falt utanfor den smale sti og meska seg i alle livets godar uansett om dei var økologisk eller ei.
    Så ein dag då OVK låg og lata seg med ein drink og åt ferdigpizza med aromat på viste Jesus seg for OVK medlemmane som eit svevande spøkelse og befalte: "Dykk må ha ein ny SC2 påsketurnering!". Og slik blei det til at OVK Påsketurneing 2017 blei ein realitet.


  • Plassering

  • 1. plass ApEC si civi

  • 2. plass Team kjeks si legendKiller

  • 3. plass ApeC si darroweve

  • 4. plass Team Satan si ukristelig person




  • Nivået var skyhøgt denne gong med GM og 2 M'ar som spelte games av ein anna verd. Jesus leverte verkjeleg varene med å skaffe slike gode deltakar. Vinnaren tok med seg heim 4000 kr og ein øverste klasse sofapute mens 2. plass fekk 1500kr og 3. plass fekk og noko pengar.
    Påsketurneing 2017 Infoside



    Til toppen


    Juleturnering 2016

    OVK var ikkje klar ovar at julo feriast kvart år så det kom brått på alle i OVK då OVK annonserte endå ein juleturnering for alle medlemmar i klanen. Sjølv om det kom brått så kom det godt! OVK meska seg i tidenes beste ribbemåltid og spelte Starcraft 2 på høgt nivå kvelden igjennom.



  • Plassering

  • 1. plass Megatron

  • 2. plass lolTRICKEDu

  • 3. plass ein flaksen fyr

  • 4. plass eit OVK medlem som ikkje holdt mål




  • Finalen var utruleg intens med ein Bo5 mellom Megatron og lolTRICKEDu kor alle kampane blei spelt. Megatron gjekk av med sigaren som blei streama til totalt 4 viewers. OVK fekk inn ein gigant donasjon noko som gjer at OVK har ein solid økonomisk base for 2017.




    Til toppen


    Sommerturnering 2016

    Sumaren var i full blomst og medlemane i OVK hadde alle solbrune kroppar og gjekk kun i flip-flops og åpen sumarskjorte med korte ermar og naut frisk luft og sumarlege aktivitetar i fleng. OVK såg at dette var for gale og bestemte seg for å arrangera Sommerturnering 2016 for å få folk bort frå solo og inn i gamingmodus.



  • Plassering

  • 1. plass legendkiller

  • 2. plass erL

  • 3. plass gått i gløymeboko

  • 4. plass må ha vore ein skikkeleg noob




  • Med fleire utanforståande spelare denne gong blei det det høgaste nivå så langt og med ein pott på 2000 kr var det reine BlizzCon tilstandar i OVK stovo og vinnaren dro frå lokalet i innleigd limosin. Streamen var oppe i 18 sjåare! Utrulege reklameinntektar for OVK der altså.




    Til toppen


    Påsketurnering 2016

    Nisso var gått i hi og påskeharo var ute på jordet og svinsa med svansen. OVK's medlemmar såg dette og skjønte at no var det tid for OVK's fyste Påsketurnering 2016. Alle farga håret sitt gult og satte igong arbeidet med å samla inn sponsorar og preimar til det som blei den største turneringa til då.

    Med ein pott på 850 kr og diverse andre preimar inkludert vandrepokalen i OVK fekk me antall sjåara opp i svimlande 10 vewers. Utruleg suksess!

  • Plassering

  • 1. plass Team Kjeks si legendkiller

  • 2. plass Os Verste Klan si Megatron

  • 3. plass ein tapar

  • 4. plass ingen som veit





  • Til toppen


    Juleturnering 2015

    Det var jul og nissen sveisa rundt i skyane over ei lita bygd kalt Os. Det var tid ribbespising og juleturnering med flunka nytt OVK pokal og fyste samling av det som var Os Verste Klan.



  • Plassering

  • 1. plass lolTRICKEDu

  • 2. plass Megatron

  • 3. plass uviktig

  • 4. plass irrelevant




  • Med heile 5 sjåara på stremen kunne OVK nøgd konstatera at Romjulsturneringturnering 2015 var ein suksess som få i historia kunne måla seg opp mot.




    Til toppen